Faghefte: Drenering - teori og praksis

23.08.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) | Nyhet

Fagheftet ”Drenering teori og praksis” skal gje eit grunnlag for å kunne stille dei rette spørsmåla for ein god og praktisk gjennomføring av dreneringstiltak i kystfylka frå Aust-Agder til Møre og Romsdal. Les heftet her.

> Les heftet

Heftet er produsert av fagbladet Bondevennen i samarbeid med Fylkesmannen i Rogaland, Bioforsk og Norsk Landbruksrådgiving. Artiklane var publisert i Bondevennen frå hausten 2012 til februar 2013.

Bioforsk Vest Fureneset har hatt hovudansvar for arbeidet med fagheftet. Artiklane er skrivne av fagpersonar frå Bioforsk, Norsk Landbruksrådgiving, NILF, Fylkesmannen og privatpersonar, som har vore engasjert i arbeidet med å spreia kunnskap om drenering.

SLF har støtta satsinga økonomisk gjennom klimamidlar. Fylkesmannens landbruksavdelingar i kystfylka frå Aust-Agder til Møre og Romsdal har òg bidrege økonomisk til gjennomføring.

Håpet er heftet opnar for gode, faglege og friske meningsutvekslingar, og at det kan gi oppdatert og betre kunnskap om drenering.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.