– Ei god grøft held ein mannsalder

11.07.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Tor Gunnarson Homme | Nyhet

Gardbrukar Torbjørn Borgedal i Fåvang får grøfteplanar og gode råd av Eivind Bergseth i Norsk Landbruksrådgiving Gudbrandsdalen når han skal i gong med nytt grøftearbeid.

Torbjørn Borgedal (t.v.) meiner det er viktig med god planlegging av dreneringa, og er veldig nøgd med hjelpa han får frå Eivind Bergseth i Norsk Landbruksrådgiving Gudbrandsdalen. (Foto: Tor G. Homme)

Godt oppe i dalsida i Fåvang i Oppland er jorda tettpakka og vanskeleg å drenere. God grøfting er viktig for at den dyrka marka skal klare å kvitte seg med vatnet og halde seg fin. Dersom ikkje planlegginga er god nok kan ein risikere og måtte sette skuffa i jorda ein gong til, noko som ikkje berre er arbeidsamt, men også kostbart.

Gardbrukar Torbjørn Borgedal har eiga gravemaskin og gjer mykje grøftearbeid kvart år. Han samarbeider med Eivind Bergseth frå Norsk Landbruksrådgiving Gudbrandsdalen.

Bergseth lagar grøfteplanar og hjelper med å løyse utfordringane som ligg i det tette jordsmonnet. Dei delar erfaringar med ulike system og materialval, og veit båe at dersom det vert gjort eit grundig arbeid vil grøfta kunne halde ein mannsalder.

Tett jord med mykje leire stillar høge krav til filtreringsmassen som leggast kring røyra i grøfta. Torbjørn Borgedal har nytta rikeleg med grov sagflis som filtrerar godt samstundes som den har ein drenerande effekt i tillegg til røyr eller slangar.

Borgedal meiner det er viktig med god planlegging av grøftinga, og er veldig nøgd med hjelpa han får av Eivind Bergseth frå Norsk Landbruksrådgiving Gudbrandsdalen.

– Det er ingenting som er så fint som når du har grøfta eit område og ser at er tørt og fint. Då gløymer du kostnadar og arbeid og er berre nøgd, seier Borgedal.

 

Les også:

> Forskrift om tilskudd til drenering

> Søknad om tilskudd til drenering

 

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.