Regional fagsamling på Gjermundnes

30.04.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) Jan Ferstad

Vestlandet var først ute med eit todagars regionalt seminar om drenering av dyrka jord. Det vart arrangert på Gjermundnes i Møre og Romsdal, 16. - 17. april. Arrangørar var Bioforsk Vest Fureneset og Norsk Landbruksrådgiving, i nært samarbeid med Fylkesmennene på Vestlandet og Gjermundnes vidaregåande skule.

Kunnskap om jorda er viktig. Ulike jordtypar krev ulike dreneringstiltak.

Tekst og foto: Olav Martin Synnes, NLR Sunnmøre

Det skal på nytt innførast statleg tilskot til drenering i landbruket. Etter mange år med liten aktivitet, forventar ein auka interesse for drenering i åra som kjem.

Det er ei klar oppfatning om at dreneringstilstanden for jord på Vestlandet har blitt dårlegare dei siste 20 åra. Dette gjeld i særleg grad den aukande delen av leigejord. I same perioden har storleiken og tyngda av traktorar og reiskap auka. Risikoen for skadeleg jordpakking og avlingstap aukar. Det same gjeld risikoen for tap av næringsstoff til vassdrag og luft.

Sidan det har vore grøfta og drenert lite dei siste tjue åra, må ein forvente at kunnskapsnivået har blitt dårlegare. Å bøte på dette er noko av føremålet med dei regionale seminara. Å drøfte praktiseringa av regelverket for dei nye tilskota, er også nyttig. Målgruppa er landbruksrådgivarar, tilsette ved kommunale landbrukskontor, entreprenørar og gardbrukarar. 

Det var nær 30 deltakarar på seminaret, ei blanding av rådgivarar, tilsette ved landbrukskontor og gardbrukarar.
 

Allsidig fagleg innhald

Emne som vart drøfta på kurset på Gjermundnes var:

  • Utfordringar ved dreneringstiltak
  • Krav til formell plan
  • Eigenskapar hos ulike jordtypar
  • Grunnvatn
  • Arterisk vatn
  • Overflatevatn
  • Ulike metodar
    • Røyrgrøfting
    • Omgraving med skråstilte lag
    • Profilering
  • Kostnader

I tillegg til føredrag, var det markvandringar på Gjermundnes og på gardsbruk i Ørskog og Skodje kommunar.

Deltakarane på dette første kurset ga gode tilbakemeldingar.

 

Rustutfelling og tette grøfteutlaup gir dårleg drenering. Grøftespyling vart demonstrert på dreneringskurset på Gjermundnes.

 

Djupe kanalar mot utmarka kan vere svært nyttige. Desse gir avskjering av vatn, og minskar trongen for drenering inne på det dyrka arealet. Er det siltjord eller finsand, må ein førebygge erosjon. Drøft gjerne tiltak med ein røynd planleggar.

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.